Artiklar
Manuskript kan bli sendt til redaktor@musikkoghistorie.no. Vi tek imot bidrag på norsk, svensk og dansk, men kan ved særskilde høve òg omsetja artiklar frå andre språk redaksjonelt.
Vi set formidling høgt, og oppfordrar alle forfattarar til å nytta eit tilgjengeleg og informativt språk som ikkje krev særskilde føresetnadar eller kunnskapar hjå lesaren utover ei generell interesse for historie, musikk og kultur. Vi ynskjer å utmerka oss med bruk av høgkvalitetsillustrasjonar.
Temaartiklar vil under vanlege omstende vere på 3000–6000 ord, andre tekster på 1500–4500. Vi oppmodar forfattarar som ynskjer å gå utanfor dette til å ta kontakt.
Omtaler
Om du har eit produkt du ynskjer omtale av, kan fysiske produkt bli sendt til:
Senter for Tidligmusikk
Postboks 545 Sentrum
7405 Trondheim
Merk pakka med «Omtale Musikk & Historie».
Ta gjerne kontakt med oss på redaktor@musikkoghistorie.no før du sender produktet. Innsendte produkt blir under normale omstende ikkje returnert.