Opéra-comique 2020

Opéra-comique

Få fenomen har fått så lite merksemd i musikkhistoria samanlikna med kor viktige dei var som opéra-comique. Ikkje berre var denne opphavleg franske forma for musikkdrama å finne på nær alle operascener i Europa, men ho la òg grunnlaget for den moderne spelefilmen. Dette nummeret omhandlar fleire historiske og notidige aspekt ved denne tradisjonen, inklusive koplinga mellom scenografi og biletkunst, opéra-comique i Norden (ved trondheimsforfattaren Nils Krogh Bredal) og potensialet til opéra-comique som scenedrama i vår tid.