Tidlegmusikk før tidlegmusikken 2018

Tidlegmusikk før tidlegmusikken

Tidlegmusikken som intellektuell trend høyrer i all hovudsak til dei siste fem tiåra. Før dette finn ein likevel einskilde døme på tidlegare intellektuelle som søkte attende mot historisk repertoar framført på historisk vis. Slike tolkingar blei til trass i at ein gjerne visste lite og måtte gissa mykje, og på tvers av ei uforståande samtid. Dette nummeret ser på kva slike røyster kan seia oss om endringane i synet på historisk musikk opp gjennom tidene, og kva det tyder for oss i dag.