Musikk og retorikk 2017

Musikk og retorikk

Gjennom historia finn ein gong på gong samanlikningar mellom klingande musikk og talt språk. Difor finn ein òg mange freistnadar på å utvikla reglar for retorikk i musikken: Ein skulle skapa god musikk ved å etterlikne god tale. Musikken let seg berre delvis fange av dette, og komponistar gjennom alle tider har i staden skapt eigne reglar for musikalsk retorikk, som ein berre kan fange gjennom å observera musikken deira. I dette nummeret ynskjer vi å fanga samspelet mellom desse framgangsmåtane i praktiske døme.